Arbeidet med ny veg held fram, og difor blir rv. 580 mellom Bohus på Nordås og Troldhaugtunnelen blir stengd i begge felt.

Dette gjeld frå laurdag 16. november klokka 19.00 til måndag morgon klokka 05.30. 

Omkøyringsveg blir om Fanavegen og Nesttun.

Frå måndag morgon av blir det nytt køyremønster.

– Vi legg om drygt éin kilometer med veg, frå aust som er noverande trasé til vest. Tidlegare har bilistar er flinke å omstille seg når det har komme nytt køyremønster, så vi håpar trafikken flyt fint måndag morgon, seier byggjeleiar Espen Martinsen i Statens vegvesen.