Det blir samling kring anleggskontoret til entreprenøren på byggeplassen i Rådal. Tilkomst til og frå plassen blir til fots frå Lagunen - via gangvegen på gamle Osbanen, som passerer gjennom anleggsområdet. 

Statens vegvesen rår til at ein tek Bybanen eller buss til Lagunen. Dei som kjem med bil kan parkere ved Laguneparken.

Tur i tunnelen

Det blir orientering om prosjektet, med vekt på arbeidet i Fana. Entreprenøren stiller med maskiner som blir brukt i anleggsarbeidet. Det skal seinare i haust haldast tilsvarande søndags-arrangement i Os - med den andre hovudentreprenøren i motorvegprosjektet E39 Svegatjørn–Rådal.

Det blir høve til ein tur i tunnelane, med buss frå Rådal til Flyplassvegen og inn i tunnelane som går herifrå. Bussen går tilbake til Rådal etterpå.

Det blir og enkel servering i Rådal.

Statens vegvesen set pris på om ein melder seg på via Facebook på førehand,