Det var regionvegsjef Helge Eidsnes i Statens vegvesen som sa dette under ei markering av siste gjennomslag i den såkalla «tunnelspagetti»-delen av E39 Svegatjørn–Rådal mandag middag.

Utan alvorlege ulykker

Entreprisen i nordlege delen av motorvegprosjektet gjeld mellom anna Rå- og Søråstunnelane i Fana, der det siste tida har vore sprengt opningar i tilsaman fem tunnelløp for vegtrafikk.

Regionvegsjefen takka Statens vegvesen sine mannskap og hovudentreprenør Implenia, med sine underentreprenørar - ma. Vassbakk & Stol og K.Aurstad. Det er viktig for bransjen og for Statens vegvesen at vi har greidd oss gjennom to år med tunnelsprengning i kontrakten utan alvorlege arbeidsulykker av noko slag, sa Eidsnes.

Snarveg forbi Rådal

Leiar for byutviklingskomiteen, Geir Steinar Dale – helsa frå byrådet i Bergen. Han la vekt på den store gevinsten det vil bli for trafikantane å bruke tunnelsystemet utanom Lagunen for all gjennomgangstrafikk. Han var og imponert over nettverket av tunnelar som er bygt tett over kvarandre her.

Regionvegsjefen vona at Statens vegvesen – om alt går som planlagt – kan setje trafikk på Rå- og Søråstunnelane seint på våren 2021.