Det var fint og varmt sommarver gjennom tysdagen, og betongbilane gjekk i skytteltrafikk mellom Bergen og Rådal. Åtte sjåførar var i sving, og 12 personar var med på mottaket oppe på takdekket i det som skal bli sørgåande portal til Råtunnelen i Rådal.

17 timar

Støypinga pågjekk i kring 17 timar. Det varme veret førte til at det blei ein del ekstra etterarbeid med pussing av overflata utover natta og føremiddagen onsdag.

Dette er den siste av førebels planlagte større støypejobbar på E39 Svegatjørn-Rådal. Det blir ein del meir støyping, men desse blir mindre i omfang og vil gå over færre timar.

670 kubikk

Tilsaman 670 kubikk med betong er levert til dette taket.

Det første taket blei støypt 25. juni.

No står herding av dekket att, før betongmannskapa tek nokre ferieveker. Men det kjem i gang arbeid att frå 29. juli på andre delar av nord-kontrakta i Fana.

DSC_9956 Siste store stoypenHer er mannskapa kring fem timar ute i støypinga på portaldekket til Råtunnelen i Rådal. (Foto: Geir Brekke)