Det er motorvegprosjektet E39 Svegatjørn–Rådal - med nye tunnelar til og frå rv. 580 Flyplassvegen - som treng det eine køyrefeltet i retning mot Sandsli. Her skal det no bli arbeid med VA-anlegg og høgspentkablar.

Vest for sykkelvegbrua

Det er køyrefeltet til høgre i køyreretninga vestover, nærast sideterrenget - som blir stengt. Den aktuelle vegstrekninga går frå gang- og sykkelvegbrua ved Skeievatn og Fana golfklubb – og kring 100 meter vidare vestover mot Sandsli.

Omlegginga kjem på plass i løpet av natt til mandag 25. februar. Innsnevringa vil gjelde til ut mai månad.

Det er aktuelt med vidare omleggingar frå juni 2019. Statens vegvesen kjem tilbake til dette seinare.

Litt meir tid til flyplassen?

Også for gang- og sykkeltrafikken blir det kring 100 meters omlegging fram til utgangen av mai. Sidan dagens sykkelveg blir liggjande midt i byggeplassen, vil syklande og gåande få eigen omkøyring på ein eigen del av den vegbiten som er stengt for biltrafikk frå 25. februar.

Det vil kunne bli noko meir kø for biltrafikken vestover frå Rådal til Sandsli, Kokstad og flyplassen om morgonen i tida som kjem. Skal du rekke fly frå Flesland bør du berekne litt meir køyretid, ta Bybana eller flybussen gjennom Knappetunnelen.

Og det blir framleis to køyrefelt i motsett retning på Flyplassvegen i denne perioden.