Dei siste dagane har det pågått dekkelegging på det som skal bli dei to køyrefelta i første fase av trafikkomlegginga, eitt felt i kvar retning på ei kring 400 meter lang strekning mellom Sørås og Nordås i Bergen.

Stengt inntil fem netter

Får mandag kveld 12.mars kl. 22.00 og fram til 06.00 tyrsdag morgon – tek entreprenøren til med ei gradvis ombygging av vegen. Dette held fram til same tid dei fire neste nettene. Desse fem nettene blir rv. 580 stengt for all trafikk, i praksis mellom Hop og Sørås.

Men vegen blir open på dagtid heile veke 11.

Tett under Bohus

Omlegginga skjer gradvis frå fire til to køyrefelt. Det vil seie at det kan bli trafikk i tre felt undervegs i omlegginga, men til slutt berre eitt felt i kvar retning.

Dei to køyrefelta kjem lengst vest på strekninga, tett under muren til Bohus. Seinare i byggeperioden skal trafikken flyttast til to felt på motsett siden av rv. 580 her. Dette kjem Statens vegvesen tilbake til.