Det er klargjering til den siste av dei store støypejobbane i prosjektet i desse dagar. Det skjer i Rådal, der det tysdag 16. juli skal støypast siste takdekket på tunnelportalen i sørgåande retning.

Støypen går i 20 timar

25. juni støypte mannskapa tilsvarande dekke på nordgåande portalen. I vekene etter har ein jobba med armering til dekke på sørgåande portal for Råtunnelen i Rådal.

Når støypinga er i gang må arbeidet halde fram kontinuerleg – heilt til jobben er gjort. Planen er å ta til med betonglevering kl. 06.00 om morgonen.

Det er venta at jobben vil pågå i kring 20 timar.

Deretter skal betongen herdast, før mannskapa kan ta ein velfortent ferie, på slutten av veke 29.

Også i Lyshorntunnelen pågår det framleis noko arbeid før entreprenøren kan ta sommarferie. Denne veka er det innreiingsarbeid, medan det i veke 29 skal gjerast noko betongarbeid i tverrslaga inne i tunnelen.

DSC_9905 Sommar-jobbing E39 Svegatjorn-RadalSørgåande portal til Råtunnelen (t.v.) skal støypast 16. juli. (Foto: Geir Brekke)