Etter fullføring av det store portalbygget for Råtunnelen ved Nordås før ferien – er det no i gang arbeid med å bygge portal til Søråstunnelen, som kjem ut i nord eit par hundre meter sør for Råtunnelen-munninga ved Nordås.

DSC_0066 portal SøråstunnelenArmering pågår til portal for Søråstunnelen. Den gule duken i henget har hindra frost i byggeperioden. (Foto: Geir Brekke)

Gul duk mot frost

Entrepenørane på E39 Svegatjørn–Rådal har lagt bak seg det meste av ferien, og er i sving med arbeid på mange byggeplassar.

Arbeidet ved tunnelmunninga på Sørås ligg godt under nivået på riksveg 580 Fritz C.Riebersgveg, og er såleis uråd å få auge på for trafikantane på Søndre innfartsåre her i dag.

Men den gule duken som ligg øverst i den høge skjæringa er godt synleg for mange. Dette er isolasjonsmateriale mot frost - der det har vore sett inn såkalla spunt i fjellveggen.

Når vegen er ferdig vil sjølvsagt denne duken vere fjerna frå den synlege delen av veganlegget.

Rampe mot Lagunen

Det er berre eitt løp på Søråstunnelen, med to køyrefelt i retning nordover mot Nordås og vidare inn på Søndre innfartsåre mot Hopskrysset, Sjølinjen og Fjøsanger-lokket.

Ved munninga av Søråstunnelen blir det reist armering og deretter forskaling – før støyping av sirkulær tunnelportal.
Med ferdig portal er neste oppgave påfylling av masser over portalen og tilrettelegging for framføring av avkøyringsrampen frå rv. 580 Fritz C.Riebersveg – og vidare sørover under Søråsbrua - mot Lagunen og Rådalskrysset.

Denne rampen er under bygging i dag, og kan sjåast godt for trafikkantar sørover forbi Nordås. Den skal passere tett nedanfor Bohus, der det no pågår murbygging.

DSC_0073 avkøyringsvegen mot SøråsbruaHer kjem avkøyringsvegen frå motorvegen – sørover mot Søråsbrua og Lagunen. Bohus oppe t.h. (Foto: Geir Brekke)