I Endalausmarka i Os har entreprenørane fritt spelerom på komande E39 nord-sør og fylkesvegen som går på tvers i retning aust-vest. Andre stader er det anleggstrafikk også på det offentlege vegnettet.

Trafikken går til og frå mange byggeplassar og mot søre delen av Lyshorntunmnelen - til og frå Svegatjørn i Os.

Velkomen til synfaring!

Søndagar har mannskapa stort sett fri. Dette er ein dag Statens vegvesen og entreprenørane kan invitere til open dag for publikum. Søndag 30. september blir det høve for framtidige trafikantar å bli med på tur i anlggsområdet mellom Svegatjørn og Endalausmarka, via Skogafjellstunnelen.

Påmelding

Mellom kl. 12.00 og 14.00 kan interesserte ta gratis buss frå Amfi til Svegatjørn. Her blir det informasjon og servering. Og ikkje minst høve til å ta buss vidare gjennom Skogafjellstunnelen til Endalausmarka. Bussane går tilbake til Amfi etterpå.

For ha oversikt over talet på gjestar er det stadig høve til påmelding via e-post pame39@vegvesen.no

Onsdag var det 320 påmeldte. Det er plass til fleire.