Oppdraget gjeld bygging av alle elektrotekniske anlegg, styring, regulering og overvaking for heile E39 Svegatjørn–Rådal.

Bergen og Asker

Arbeidet skal utførast av arbeidsfelleskapet Magnus M.Thunestvedt AS i Bergen og ABB AS i Asker.

Det har vore ein grundig prosess før ein kom fram til signering av kontrakt. Tilbodsopninga var for eitt år sidan. Sidan har saka vore oppe to gongar i Oslo byfogdombod, før Statens vegvesen nyleg vann fram i retten, og kunne signere kontrakt i dag.

Over 400 kamera

Kontrakten inneheld ikkje mindre enn 125 km med el-kablar, 100 km med fiber-nett, 5.330 lysarmaturar og 1.150 ledelys i tunnel. Dessutan blir det 550 opplyste skilt, over 400 kamera, 260 naudtelefonar og over 100 ventilasjonsvifter.

Arbeidet vil venteleg ta til i Skogafjellstunnelen i Os, der entreprenøren er komen lengst med innreiinga av dei to tunneløpa.

00118579 Storste elektro-avtalen signertF.v. salsdir. Tor-Ove Lussand, ABB AS, regionvegsjef Helge Eidsnes og styremedlem Magnus Thunestvedt signerer kontrakten. (Foto: Geir Brekke)