Det var kl. 17.00 mandag at Implenia sette i gang jobben med å støype dekket på den store portal-konstruksjonen på E39 Svegatjørn–Rådal. Arbeidet skjer i forlenginga av munningane til Råtunnelen ved rv. 580 Fritz C.Riebersveg.

280 bil-lass

Statens vegvesen reknar med at det går med kring 2.000 kubikk med betong, med ei totalvekt på 4.800 tonn. På førehand er det lagt ned kring 230 tonn armering i dekket. Betongbilane går i skytteltrafikk frå Laksevåg i Bergen. Leveransen er på kring 280 billass med betong.

Støypen vil pågå i minst 40 timar, ventar entreprenøren. Det vil seie at jobben er utført ein gong onsdag føremiddag, 31. oktober. Deretter ventar herding av betongen.