Kring 100 meter av den 400 meter lange skjermen er bygt i glass. Resten er bygt av trepanel.

Skjerm-flytting

På austsida av same strekninga er det og eit stykke med støyskjerm i glass. I aust har det vore støyskjerm mot Skjold i mange år. Under vegbygginga dei siste åra har skjermen her vore flytta etter omlegging av vegen gjennom byggetida.

Det har i mange år og vore støykjerm med glass lenger nord på Søndre innfartsåre, som på austsida av Torpevikbrua,

Ny brannstasjon

Støytiltaka langs motorvegstrekninga på E39 Svegatjørn–Rådal er alle på nord-kontrakta. I tillegg til Nordås-området skal det og bli bygt noko støyskjerm i Rådal. Her vil dessutan planlagt bygging av den nye Fana brannstasjon kunne reduserer støyplagen for delar av bustadområdet her.

Langs rv. 580 Flyplassvegen er det som kjent bygt støyvoll mot bustad-blokkene på Vestre Rå, samt delar av golfbana i området.