Dette skal bli eit tverrslag på kring 250 meter tett ved fv 167 Hamrevegen. Når anleggstunnelen er ferdig vil entreprenøren ta til med driving av tilsaman fire løp av den 9,2 km lange Lyshorntunnelen. Det blir to løp nordover i retning Rådal i Bergen og to løp sørover mot Endalausmarka i Os.

Vil merke rysting

- Det er ein viktig milepel at vi no er i gang med tunneldrivinga, seier prosjektleiar Sverre Ottesen i Statens vegvesen. Framover vinteren og våren kjem det i gang arbeid på fleire tunnelanlegg på E39-prosjektet. Dette gjeld også nordover frå rv 580 Flyplassvegen ved Skeievatnet. Dessutan blir det bygt overvasstunnel frå Lyshorntunnelen til Fanafjorden, og frå Råtunnelen til Nordåsvatnet.

- Naboane over tunnelane må vere budde på rystingar under byggeperioden, seier Ottesen. Dei har fått informasjon om dette i forkant. Kring 200 huseigarar har hatt førehandsregistrering av eigedomane sine så langt. Ytterlegare 1.500 vil få registrering i løpet av om lag eitt års tid.