Viltgjerdet inngår i prosjektet E39 Svegatjørn–Rådal. Oppdraget blir utført av underentreprenør ØstCom AS, Kongsvinger. Det 2460 meter lange gjerdet får ei høgde på 2,45 meter. Det blir 2,75 meter mellom gjerdestolpane der dei går i rett line gjennom terrenget.

Mykje hjort

Viltgjerde skal hindre at hjorten kjem inn på E39 og fv. 163. Påkøyring av hjort er eit vanleg problem for mange vegstrekningar. Seinast dei siste vekene har det vore påkøyrsler i både Kvinnherad og Åsane.

Dessutan er det ei høg skjering på det som skal bli den nye fv. 163 på tvers av Endalausmarka. Gjerdet skal hindre dyra i gå utfor skjeringskanten.

Det svært mykje hjort i Endalausmarka, opplyser lokalpolitikar og hjortejegar Gustav Bahus i Os.