Kor lange er tunnelane no?

Basert på flyfoto og grafikk vil du kunne få med deg status på bygging av tunnelane i Fana og Os gjennom byggeperioden.

Tre ulike oversikter

  • I nord er det tunnelbygginga mellom rv. 580 Flyplassvegen, Nordås og Rådal som blir presentert. Tunnelsprengning for Rå- og Søråstunnelane var ferdig våren 2018.
  • Litt lenger sør kjem arbeidet med Lyshorntunnelen, der steinmassane blir frakta ut gjennom tilkomst-tunnelen på Hamre i Fana. Her blir det sprengt tunnel både nordover mot Rådal og sørover mot Endalausmarka i Os kommune, samt fra Endalausmarka og i retning nordover. Tunnelsprengning for Lyshorntunnelen er planlagt å vere ferdig i løpet av vinter/vår 2019.
  • Lengst sør viser vi inndrift i Skogafjellstunnelen mellom Svegatjørn og Endalausmarka. Tunnelsprengning for Skogafjellstunnelen var ferdig 30. mars 2017.

Bileta blir oppdaterte med jamne mellomrom gjennom byggeperioden.