E134 Århus–Seljord
Bakgrunnen for prosjektet er bekymring for trafikktryggleiken sidan det vart eit stort sprang i standarden på E134 då Mælefjelltunnelen opna i 2019.
Detaljregulering for E134 Århus–Seljord vart vedtatt i Seljord kommunestyre 12.12.2019 (sak nr. 92/19). Prosjektet vart kunngjort som totalentreprise våren 2021. Bygging starta hausten 2021, og prosjektet er venta ferdigstilt sommaren 2022
Statens vegvesen skal bygga ca. 600 meter ny E134, og eksisterande E134 skal utbetrast og tilpassast i begge endar. Total lengde for heile prosjektet er ca. 1150 meter.

Eksisterande E134 skal byggast om til gang- og sykkelveg og lokalveg. Gang- og sykkelvegen skal koplast til eksisterande gang- og sykkelveg i sør. Det skal òg byggast noko privat veg og traktorvegar.
Det er fjellskjæring på over 30 meter høgde i linja som må palles ned i 10 meter pallar. Det går høyspentlinje over fjellskjæring, og vi må rekna med tiltak/avgrensingar gitt av linjeeigar.

Gjennomsnittleg trafikk på strekninga er 2800 køyretøy per døgn.
- Vei:
- E134
- Fase:
- Byggefase
- Kommuner:
- Seljord
- Fylker:
- Vestfold og Telemark
- Lengde:
- 1150 meter
- Finansiering:
- Stat
- Totalkostnad:
- 75 mill.kr.
- Antatt åpnet:
- Juli 2022