Gvammen er no kopla saman med Århus. 150 000 meter røyr er bygd inn i vegen gjennom Mælefjelltunnelen.

I dag blei dei siste røyra lagde ned i grøftene og kopla saman, no blir grøftene fylte igjen. Bit for bit blir det lagt asfalt på den nye vegen, til no er meir enn halvparten av den 9,4 kilometer lange tunnelen asfaltert.

 

Trekkerøyr
Rørene i Mælefjell

 

Milestolpe 

I dag blei dei siste røyra lagde ned i grøftene, Gvammen i Hjartdal er no kopla til Århus i Seljord midt inne i fjellet.

- For oss er dette ein stor milestolpe  og ei flott avslutning på 2017. No er alt som skal byggjast inn i vegen bygt inn, fortel prosjektleiar Trude Holter.

Det er Hovden Hytteservice som byggjer vegen som underentreprenør for NCC. Dimensjonane er svært store, vegbreidda blir 10,5 meter. Utanfor der er det ein meter med støypt bankett - opphøgd skulder -  på kvar side. Til saman er det no ti trekkerøyr som ligg verna under dei støypte skuldrane. I tillegg går det drensrøyr, overvassrør, vassrøyr som er kopla til alle brannhydrantar og ein vassleidning med vatn inn til høgdebassenget midt i tunnelen.

 

To høgspentkablar

 

Mens vegen har blitt bygd opp, er det og lagt ned to høgspentkablar. Den eine skal levere straum til heile tunnelen, den andre er ein kabel for rein transport av straum mellom Hjartdal og Seljord.

- Denne veka blei vi og ferdige med å leggje asfalt i halve tunnelen, fortset prosjektleiaren.

Straks på nyåret fortset fullføringa av vegbygginga gjennom heile tunnelen. I god tid før påske skal heile tunnelen vere ferdig asfaltert. Det står likevel mykje arbeid att før vegen kan opnast til jol om to år. Alt arbeidde som blir gjort i tunnelen, må gjerast i rett rekkjefølgje som i eit puslespel.

 

Trekkjer kablar

 

Mens vegen blir bygd ferdig og tunnelen blir kledd inn med plater, har entreprenøren som skal utføre alt elektroarbeid, starta med førebuingane for sin del  av jobben. Hausten 2018 begynner trekkinga av 250 000 meter med kabel som skal kople alle installasjonane i tunnelen saman med omverda.

 

 

I dag blei dei siste røyra lagde ned i grøftene og kopla saman, no blir grøftene fylte igjen. Bit for bit blir det lagt asfalt på den nye vegen, til no er meir enn halvparten av den 9,4 kilometer lange tunnelen asfaltert.

 

Milestolpe

I dag blei dei siste røyra lagde ned i grøftene, Gvammen i Hjartdal er no kopla til Århus i Seljord midt inne i fjellet.

- For oss er dette ein stor milestolpe  og ei flott avslutning på 2017. No er alt som skal byggjast inn i vegen bygt inn, fortel prosjektleiar Trude Holter.

Det er Hovden Hytteservice som byggjer vegen som underentreprenør for NCC. Dimensjonane er svært store, vegbreidda blir 10,5 meter. Utanfor der er det ein meter med støypt bankett - opphøgd skulder -  på kvar side. Til saman er det no ti trekkerøyr som ligg verna under dei støypte skuldrane. I tillegg går det drensrøyr, overvassrør, vassrøyr som er kopla til alle brannhydrantar og ein vassleidning med vatn inn til høgdebassenget midt i tunnelen.

 

To høgspentkablar

 

Mens vegen har blitt bygd opp, er det og lagt ned to høgspentkablar. Den eine skal levere straum til heile tunnelen, den andre er ein kabel for rein transport av straum mellom Hjartdal og Seljord.

- Denne veka blei vi og ferdige med å leggje asfalt i halve tunnelen, fortset prosjektleiaren.

Straks på nyåret fortset fullføringa av vegbygginga gjennom heile tunnelen. I god tid før påske skal heile tunnelen vere ferdig asfaltert. Det står likevel mykje arbeid att før vegen kan opnast til jol om to år. Alt arbeidde som blir gjort i tunnelen, må gjerast i rett rekkjefølgje som i eit puslespel.

 

Asfalt
Afalt i Mælefjell

Trekkjer kablar

 

Mens vegen blir bygd ferdig og tunnelen blir kledd inn med plater, har entreprenøren som skal utføre alt elektroarbeid, starta med førebuingane for sin del  av jobben.Hausten 2018 begynner trekkinga av 250 000 meter med kabel som skal kople alle installasjonane i tunnelen saman med omverda.

Kobler rør sammen i Mælefjelltunnelen
Foto: Tor Arvid A. Gundersen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark