Når endane møtast kjem ljoset
22 000 volt kjem inn frå begge kantar. Når alle leidningane er kopla, blir det ljos i tunnelen.
200 000 meter med leidning er snart på plass. 200 kilometer. Leidningane strekkjer seg bokstavleg talde på kryss og tvers gjennom heile tunnelen. No gjeld det å finne riktig leidning som skal til riktig stad.
Skjulte leidningar
- Det aller meste av installasjonar er no på plass i tunnelen. Berre til å lyse opp i mørket har vi 1 700 ljosarmatur, fortel byggjeleiar Jolanta Kroczak.
Jolanta har overoppsynet med at leidningane kjem dit dei skal, og at rett signal går akkurat dit det skal. Elektroinstallasjonen er ikkje ein stor jobb, den er enorm. Ta ein titt på bileta. Tunnelen er 9 400 meter lang. For å få lys gjennom heile tunnelen og ut til sidene i dei største nisjane, er det montert 10 500 meter med kabelstigar.
22 000 volt
Du vil ikkje sjå ein einaste leidning når du køyrer gjennom tunnelen etter at den er opna. Rett nok strekkjer leidningane til lysarmaturane seg tett opp til tunneltaket, alle andre leidningar går i røyr langs vegen. Dei støypte skuldrene du ser langs vegen gjennom heile tunnelen skjuler nemleg både vassrøyr og trekkerørene til leidningane. På den eine sida går dei tjukke kablane med 22 kv. høgspent straum som forsyner heile tunnelen. På motsett side går ein liknande leidning med like høy spenning. Den einaste jobben den har er å transportere straum tvers gjennom fjellet, akkurat den same jobben som høgspente leidningane som er strokne over fjellet på utsida.
Dei 22 kilovoltene som straumen har når den strøyme> gjennom fjellet, er milevis meir enn kva som kan til både ljos og høgteknologien. Derfor må den transformerast ned til 400 V før den blir ut distribuert. Det er her dei tekniske bygga kjem inn. Kvar av dei har fleire rom. Transformatorane har eigne rom, slik at dei som skal gjere ein jobb i eit av dei andre romma, ikkje risikerer å kome for nær dei 22 000 voltane
To kraftverk
Sjølv om straumen kjem inn i tunnelen frå begge sider frå to kraftverk, så er det teke høgde for at straumen kan bli borte. Derfor er det nødstraum i eit eige rom. Her er lagra ein bank med store batteri som til einkvar tid er klare til å ta over.
Alt blir styrt frå desse tolv tekniske bygga, ti inne i mørkret og to utanfor. Her inne er det utstyr som formidlar mobiltelefonsignal rundt i tunnelen, det same med med DAB-radio og nødsamband til nødetatane i tilfellet uhellet skulle vere ute. Også dette utstyret har sine eigne straumforsyningar om det skulle bli nødvendige.
18 bommar
Som du kan sjå på bileta i galleriet her på sida, er det massar med utstyr. Alt skal koplast saman, alt skal verke til riktig tidspunkt. Stansar du bilen din ein stad i tunnelen, vil minst eit kamera fange det opp og slå alarm på Vegtrafikksentralen i Porsgrunn. Der kan dei søkkje bommane slik at ikkje fleire køyrer inn i tunnelen. Til saman er det 18 bommar, slik at trafikken blir stansa og vi unngår at fleire køyrer for langt inn. Store skilttavler vil då bli aktivert med tekst som ber deg snu!
Eit stykke ut på hausten skal alle endane på leidningane vere kopla saman. Då er tida komen til at alt skal testast. Også det er ein svært stor jobb, fordi det ikkje skal vere nokre som helst tvil om at alle verkar nøyaktig slik det er bestemt. Som om ikkje det er nok, helt til slutt vil mannskapet på Vegtrafikksentralen i Porsgrunn også bli lært opp til å betene denne lange tunnelen - frå Porsgrunn.

-
Bilde 1 av 40: Her inne er det utstyr som formidlar mobiltelefonsignal rundt i tunnelen, det same med med DAB-radio og nødsamband til nødetatane i tilfellet uhellet skulle vere ute. Også dette utstyret har sine eigne straumforsyningar om det skulle bli nødvendige. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 2 av 40: Byggjeiar Jolanta Kroczak testar nødtelefonen Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 3 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 4 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 5 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 6 av 40: 200 000 meter med leidning er snart på plass. 200 kilometer. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 7 av 40: Bjørn Olav Kaldråstøyl og Tor Rune Pedersen frå Vest Telemark Kraftlag koplar her transformatoren i ein av dei tekniske bygga Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 8 av 40: Straum fra Hjartdal møter straumen fra Seljord. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 9 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 10 av 40: Nødlys i 10 000 meter lang list. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 11 av 40: 1 700 ljos i taket. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 12 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 13 av 40: Fjellhallen Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 14 av 40: Johan Didrik Svendsen og Heine Kauppinen. Dei jobbar i firmaet KFL Elektro i Porsgrunn, som underentreprenør til Aventi som har den store kontrakten med alt elektroarbeid i tunnelen. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 15 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 16 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 17 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 18 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 19 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 20 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 21 av 40: 18 bommar Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 22 av 40: Ti tekniske bygg inne, to utenfor. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 23 av 40: Her inne er det utstyr som formidlar mobiltelefonsignal rundt i tunnelen, det same med med DAB-radio og nødsamband til nødetatane i tilfellet uhellet skulle vere ute. Også dette utstyret har sine eigne straumforsyningar om det skulle bli nødvendige. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 24 av 40: Her inne er det utstyr som formidlar mobiltelefonsignal rundt i tunnelen, det same med med DAB-radio og nødsamband til nødetatane i tilfellet uhellet skulle vere ute. Også dette utstyret har sine eigne straumforsyningar om det skulle bli nødvendige. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 25 av 40: Her inne er det utstyr som formidlar mobiltelefonsignal rundt i tunnelen, det same med med DAB-radio og nødsamband til nødetatane i tilfellet uhellet skulle vere ute. Også dette utstyret har sine eigne straumforsyningar om det skulle bli nødvendige. Batteri for nødstrøm Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 26 av 40: Her inne er det utstyr som formidlar mobiltelefonsignal rundt i tunnelen, det same med med DAB-radio og nødsamband til nødetatane i tilfellet uhellet skulle vere ute. Også dette utstyret har sine eigne straumforsyningar om det skulle bli nødvendige. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 27 av 40: Her inne er det utstyr som formidlar mobiltelefonsignal rundt i tunnelen, det same med med DAB-radio og nødsamband til nødetatane i tilfellet uhellet skulle vere ute. Også dette utstyret har sine eigne straumforsyningar om det skulle bli nødvendige. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 28 av 40: Her inne er det utstyr som formidlar mobiltelefonsignal rundt i tunnelen, det same med med DAB-radio og nødsamband til nødetatane i tilfellet uhellet skulle vere ute. Også dette utstyret har sine eigne straumforsyningar om det skulle bli nødvendige. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 29 av 40: Her inne er det utstyr som formidlar mobiltelefonsignal rundt i tunnelen, det same med med DAB-radio og nødsamband til nødetatane i tilfellet uhellet skulle vere ute. Også dette utstyret har sine eigne straumforsyningar om det skulle bli nødvendige. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 30 av 40: Her inne er det utstyr som formidlar mobiltelefonsignal rundt i tunnelen, det same med med DAB-radio og nødsamband til nødetatane i tilfellet uhellet skulle vere ute. Også dette utstyret har sine eigne straumforsyningar om det skulle bli nødvendige. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 31 av 40: Her inne er det utstyr som formidlar mobiltelefonsignal rundt i tunnelen, det same med med DAB-radio og nødsamband til nødetatane i tilfellet uhellet skulle vere ute. Også dette utstyret har sine eigne straumforsyningar om det skulle bli nødvendige. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 32 av 40: Stopplys for bussen ved kollektivplassane Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 33 av 40: Stopplys for bussen ved kollektivplassane -
Bilde 34 av 40: Stopplys for bussen ved kollektivplassane Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 35 av 40: Mekaniske, variable skilt. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 36 av 40: Stopplys for bussen ved kollektivplassane Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 37 av 40: Stopplys for bussen ved kollektivplassane Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 38 av 40: Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 39 av 40: 200 høgtalarar. Foto: Tor Arvid A. Gundersen -
Bilde 40 av 40: 32 kraftige vifter. Foto: Tor Arvid A. Gundersen