Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Meir enn 182 000 kubikkmeter stein frå Mælefjelltunnelen kjem til nytte både i Seljord og Hjartdal kommune.

Idrettsanlegget til Seljord IL , Hans Inge Hagen

For å få frakta steinen vekk frå tunnelen, har lastebilane bokstaveleg talt gått i skytteltrafikk. Grovt rekna har det gått med over 12 000 turar med lastebilane.

Stor verdi


- Stein frå tunnelen representerer ein stor verdi for oss i Seljord, seier kommunalsjef plan, utvikling og tekniske tenester, Frid Berge i Seljord kommune.
15 000 kubikkmeter stein er lagra på Århusmoen for kommunen til framtidig bruk. Flaum kan vere eit problem i Seljord, derfor er noko av steinen øyremerkt nett til sikring mot flaum. I tillegg er noko av steinen planlagt å bruke til turvegar der det er behov for å fylle opp.
Seljord IL har fått rundt 25 000 kubikkmeter av steinen frå tunnelen. Steinen har blitt bruka til å byggje opp eit område og lage ny idrettsbane.

Foto: Hans Inge Hagen,Seljord IL
Seljord IL

Dugnadsarbeid


- Det er lagt ned eit gedigent dugnadsarbeid med idrettsbanen, fortset kommunalsjefen.
Stein har også blitt køyrt til ei rekkje andre stader i kommunen hennar. Ved innkøyringa til Seljord frå E134 er to store næringstomter fylt opp, i tillegg er det køyrt stein til fleire andre mottakerar. Til saman er det levert 125 000 kubikkmeter stein til ulike private næringsdrivande i Seljord og Hjartdal.
Også i Hjartdal har idrettslaget fått stein.  Her er det køyrt vel 13 000 kubikkmeter til oppbygging av idrettsbanen.
- Skulle vi ha fått tilkøyrd all denne steinen frå steinbrot, ville det ha kosta monaleg. Eg vil tru at nokre av prosjekta som no kjem i gong, har kome i gong fordi denne steinen har vore tilgjengeleg, seier kommunalsjef plan, utvikling og tekniske tenester Frid Berge i Seljord kommune.

Flaumen 1987, Foto: Seljord IL
Flommen i 1987 i Seljrod

Flaumen 1987
Flommen i 1987 Seljord Eventyrøy

Utsett for flaum


Leiar Tellef Solås i Seljord IL meiner steinen har vore eit vere eller ikkje vere for det nye anlegget.
- Vi hadde kunstgrasbane oppe på planen allereie for ti år sidan, men vi la planen på is, fordi det ville blitt for kostbart. Når vi no kunne få steinen, så slo vi til, fortel leiaren.
Stikkordet er flaum. Idrettsanlegget ligg slik til at det er utsett for flaum både på våren og hausten. Ikkje sjeldan har vatnet overfløymt det gamle anlegget. På 80-talet stod flaumvatnet ein meter over banen.
- No har vi heva heile idrettsbanen med 1,2 meter, slik at den skal klare ein 200 års flaum. Med den gamle grasbanen blei det ikkje så store skadar i flaumane, men ein kunstgras bane ville flyte opp.
Idrettslagleiaren er svært fornøgd og stolt av det nye anlegget. I tillegg til sjølve fotballbanen, er det også blitt plass til friidrett og ein ballbinge.

 

Næringstomt Seljord ved E134
Steinfylling i Seljord ved E134

Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark