Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen skal i gong med reguleringsplanarbeid for oppgradert E134 mellom Ølen i Vindafjord kommune og Mørkeli i Etne kommune. PlanID 4611202201.

Ettersom planarbeidet ligg i to kommunar og to fylke, er planen delt i to strekningar: E134 Ølen–Fikse (Vindafjord/Rogaland) og E134 Fikse–Mørkeli (Etne/Vestland).

Bakgrunnen for planarbeidet er at dagens veg ikkje har tilstrekkeleg trafikktryggleik, med manglande vegbreidde, uheldig kurvatur og vanskelege siktforhold fleire stader. Planarbeidet skal danne grunnlaget for ei meir trafikksikker vegstrekning med betre framkomme (80 km/t) gjennom punktutbetring. Ein legg til grunn forsterka midt- og kantoppmerking med ei samla vegbreidde på 8,0 meter, og eit breiare grøfteprofil.

Utbetringa vil hovudsakleg skje som ei breiddeutviding av dagens veg langs sør-/austsida av vegen, men med noko større avvik frå eksisterande veg ved nokre få, krappe kurver. 

Førebels plangrense er vist i kartutsnitt. Reguleringsplanen skal sette av areal til veganlegget med tilhøyrande rigg- og anleggsareal. I tillegg skal reguleringsplanen vurdere handtering av overskotsmassar. Statens vegvesen ønskjer innspel knytt til handtering av overskotsmassar i prosjektet.

Det er vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing etter pbl. §4-2 (2). Verknader av planforslaget skal likevel omtalast i planskildringa, jf. pbl. § 4-2 (1).

Open kontordag

I samband med oppstarten av planarbeidet inviterer me til open kontordag 16. mars kl. 12–18 i Medvind-bygget i Ølensvåg.

For spørsmål om planarbeidet eller kontordagen, ta kontakt med planleggingsleiar Elisabeth Marken Danielsen på e-post: elisabeth.marken.danielsen@vegvesen.no eller telefon 92 26 66 15.

Innspel og merknader

Har du relevante innspel, merknader og opplysningar til planarbeidet, kan desse sendast til Statens vegvesen på e-post: firmapost@vegvesen.no eller per brevpost til: Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer.

Frist for å sende inn merknader er 9. april 2022. Merk sendinga di med E134 Fikse–Mørkeli, og Sak 20/78882. Hugs fullt namn og adresse.

Aktuelt for fylke(r): Vestland