Statens vegvesen inviterer entreprenørar til digital marknadsdialog for E134 Røldal-Seljestad måndag 14. februar.

Vi er i gong med prosjektering på strekninga frå Røldal til Seljestad, og prosjektet planlegg utlysing av hovudentreprisen ved årsskiftet 2022/2023, med byggestart i 2023, forutsett at finansieringa er avklåra.

Vi ynskjer no å starte dialog med marknaden rundt kontraktsstrategien for å sikra involvering av bransjen.  I møtet vil vi presentera prosjektet og prosjekteringsgrunnlaget, samt kontraktsstrategi. 

Praktisk informasjon:

Tid: Måndag 14. februar 13:00-15:00
Elektronisk lenke til møtet
Last ned invitasjon i PDF

Påmelding er ikkje naudsynt.

Moglegheit for å avtala éin‐til‐éin møter

Entreprenørar som ynskjer éin-til-éin møter med prosjektet i etterkant av dette møtet kan kontakte prosjektleiar Beate Riisnæs på e-post for å avtale nærare.

Statens vegvesen skal bygge ny veg på strekninga mellom Vågsli i Vinje kommune og Seljestad i Ullensvang kommune. Første byggetrinn er Røldal - Seljestad. Foto: Statens vegvesen
Statens vegvesen skal bygge ny veg på strekninga mellom Vågsli i Vinje kommune og Seljestad i Ullensvang kommune. Første byggetrinn er Røldal - Seljestad. Foto: Statens vegvesen

Om prosjektet

E134 skal styrkast som ein av hovudvegsambanda mellom aust- og vestlandet, og Statens vegvesen skal byggje ny vegtrasé for E134 mellom Vågsli og Seljestad. 

Prosjektering av fyrste byggjetrinn på strekninga frå Røldal til Seljestad er i gong. På denne strekninga skal vegen i hovudsak leggjast i ny tunnel under Røldalsfjellet. Den nye vegen omfattar også ein parsell med ny E134 i dagen og nytt vegkryss på Seljestad. Tunnelpåhogget på denne sida vert i fjellet ved Hesjabakkmyrane. Det skal og etablerast eit nytt kryssområdet på Liamyrane, her vert tunnelpåhogget ved Vetle Hovden.