Nær 400 personar var innom direktesendinga av det digitale folkemøtet. Her finn du opptak av møtet og presentasjonar.

Fekk du ikkje med deg møtet, eller ynskjer å sjå det om att? Her finn du opptak frå sendinga.  PDF av presentasjonanene som vart haldne på møtet finn du lengst ned på denne sida. 

Prosjektleiar Beate Riisnæs er svært glad for den gode oppslutninga

- Talet på sjååarar på den digitale sendinga vår overgjekk alle våre forventingar og vi er svært takksame for interessa og alle spørsmåla vi fekk frå publikum. Det syner at prosjektet er ønska og at interessa er stor, og det er vi veldig glade for. 

Det digitale folkemøtet måndag 14. februar handla om status for prosjektet med detaljert informasjon om reguleringsplan. Tema som grunnerverv, massehandtering, anleggsperiode og førebuande arbeider vart og teke opp.  Det vart og svara på mange spørsmål frå publikum. 

Prosjektering er i gong på strekninga frå Røldal til Seljestad. På denne strekninga skal vegen i hovudsak leggjast i ny tunnel under Røldalsfjellet.  Dersom Stortinget vedtar finansering av prosjektet i vår eller til hausten kan bygginga starte hausen 2023.