Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen sender no ut revidert planprogram der eit nytt alternativ mellom Flatmark og Skiri er teke med, på ei avgrensa høyring.

Den 30. oktober 2019 sendte Vegdirektoratet eit brev til Samferdselsdepartementet med forslag om å auke styringsmålet til 1350 mill. (2019-kr) samt forslag om at statleg plan blir nytta i det vidare planarbeidet. Samferdselsdepartementet har i brev av 26. juni 2020 svart at dei ikkje har hatt høve til å fastsetje nytt styringsmål før ferien, men at dette blir gjort etter sommarferien. For at planarbeidet ikkje skal stanse opp får Statens vegvesen tilslutning til å fortsetje dette arbeidet.

Planprogrammet som var sendt på høyring i mars 2019 har med 3 alternative løysingar på strekninga mellom Flatmark og Skiri. Fylkesmannen i Møre og Romsdal, samt Møre og Romsdal fylkeskommune/Riksantikvaren har varsla motsegn til alternativ 3. Vi ønskjer derfor å ta med eit nytt alternativ (alt. 4) mellom Flatmark og Skiri i den vidare planlegginga. Det som er forskjellen mellom alternativ 3 og 4 er at alternativ 4 kryssar Raumabana med bru nærmare Rauma elv slik at ny E136 då blir liggjande i lenger avstand frå Kors gamle kyrkjestad. Vegen går også inn i Kjerkeura på sørsida av gardstunet på Nordre Flatmark og blir liggjande nærmast parallelt med Raumabana. Alternativet medfører dessverre at våningshusa på Nordre Flatmark må innløysast.

Høyringsinstansar er Bane NOR SF, Direktoratet for mineralforvaltning, Rauma kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren, Nasjonalparkstyret for Reinheimen, Rauma Energi AS og NVE. Interesseorganisasjonar og grunneigarane på strekninga mellom Flatmark og Skiri får også høve til å uttale seg til det nye alternativet.

Sjå planprogrammet og vedlegga som det er referert til i planprogrammet

Innspel

Vi ber om at eventuelle merknader til alternativ 4 og innspel til det reviderte planprogrammet blir sendt til Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer, eller innan 24. september 2020.

Vi gjer merksam på at det ikkje blir sendt direkte svar til den som sender inn merknad. Merknader og innspel vil bli vurdert og kommentert i planforslaget som blir lagt ut til offentleg ettersyn. Dette gjeld sjølvsagt også dei merknadane og innspela vi har fått tidlegare.

Spørsmål 

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til Statens vegvesen:

  • Prosjektleiar Rolf Arne Hamre, e-post:  / tlf. 909 22 459
  • Planleggingsleiar Gisle Fossen, e-post:  / tlf. 975 11 892

Rauma kommune:

  •  Jan Petter Vad, e-post:  / tlf. 71166633
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal