Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har foreslått eit nytt alternativ for ny E136 mellom Flatmark og Marstein. I samband med dette inviterer vi til eit ope informasjonsmøte.

Møtet vil blir arrangert i Rauma kulturhus tysdag 1. september kl. 18.00.

Viktig: På grunn av koronarestriksjonar er det berre 160 plasser tilgjengeleg i kulturhuset. Namn og kontaktopplysningar må registrerast på alle deltakarar.

Nytt alternativ

I juli sende Vegvesenet ut eit revidert planprogram for nye E136 Flatmark-Monge-Marstein på ei avgrensa høyring.

I den reviderte versjonen av planprogrammet har vi inkludert eit nytt alternativ (alt. 4) mellom Flatmark og Skiri.

Dette alternativet kryssar over Raumabana og ligg nærmare Rauma elv, og ny E136 blir då liggjande i lenger avstand frå Kors gamle kyrkjestad.

Vegen går også inn i Kjerkeura på sørsida av gardstunet på Nordre Flatmark og blir liggjande nærmast parallelt med Raumabana. Alternativet medfører dessverre at våningshusa på Nordre Flatmark må innløysast.

Avgrensa høyring

Høyringspartane for det nye alternativet i planprogrammet er grunneigarane på strekninga mellom Flatmark og Skiri, interesseorganisasjonar, Bane NOR SF, Direktoratet for mineralforvaltning, Rauma kommune, Fylkesmannen i Møre og Romsdal, Møre og Romsdal fylkeskommune, Riksantikvaren, Nasjonalparkstyret for Reinheimen, Rauma Energi AS og NVE.

Høyringsfristen er torsdag 24. september.

Få meir informasjon

På informasjonsmøtet 1. september vil prosjektleiinga i Statens vegvesen gi meir informasjon om det nye alternativet. Vi vil og orientere generelt om prosjektet og om planleggingsarbeidet så langt.

Det blir og høve til å stille spørsmål og kome med innspel til planarbeidet.

Kontakt

Dersom du har spørsmål om informasjonsmøtet eller planlegginga av ny E136 Flatmark-Monge-Marstein, ta kontakt med:

  • Prosjektleiar Rolf Arne Hamre, e-post: , tlf. 909 22 459
  • Planleggingsleiar Gisle Fossen, e-post: , tlf. 975 11 892 
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal