Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen Region midt har i samarbeid med Lesja kommune og Rauma kommune laga eit forslag til reguleringsplan for forbikøyringsfelt (krabbefelt) langs E136 på strekninga Stuguflåten–Raudstøl. Reguleringsplanen ligg ute til offentleg ettersyn til 5. januar 2018.

Plandokumenta finn du her.

Plandokumenta er også lagt ut følgjande stadar:

  • På kommunehuset på Lesja og Rådhuset på Åndalsnes.
  • På nettsidene til Lesja kommune og Rauma kommune.

Open kontordag 

Statens vegvesen arrangerer open kontordag på Fredheim forsamlingshus på Verma torsdag 30. november kl. 14–17 for å informere meir om reguleringsplanen og svare på spørsmål. Det er fint om de ringer eller sender e-post på førehand og avtaler tidspunkt.

Eventuelle merknader til planen

Fristen for å sende merknader til reguleringsplanen er 5. januar 2018.

Send merknadene skriftleg til:

  • Statens vegvesen Region midt, Postboks 2525, 6404 Molde
  • eller e-post:

Statens vegvesen mottar og vurderer alle merknader til planforslaget i samarbeid med Lesja og Rauma kommunar, og planen blir om nødvendig justert. Planen blir etter det handsama i kommunen, og kommunestyret vedtar planen. Kommunane sine vedtak kan påklagast, jf. §§ 12-12 og 1-9 i plan- og bygningslova.

Kort om planen

Reguleringsplanen består av tre delar: planomtale, reguleringsføresegner og plankartet. I tillegg er det nokre vedlegg (t.d. tekniske teikningar og støyrapport). Plankartet viser kva formål det blir lagt til rette for i planen, og føresegnene gir rammer for kva tiltak dei ulike formåla opnar for. Planomtalen skildrar meir utfyllande innhaldet i planen og verknader av tiltaka.

Ta gjerne kontakt med oss

Dersom de har spørsmål kan de kontakte:

  • Planprosjektleiar Rolf Arne Hamre,
    e-post: , tlf. 22073000 / 909 22 459
  • Planprosjektleiar Gisle Fossen,
    e-post: , tlf. 22073000 / 975 11 892
  • Lesja kommune ved Rigmor Bøe,
    e-post: , tlf. 61244123 / 904 03 758
  • Rauma kommune ved Jan Petter Vad,
    e-post , tlf. 71166633
Aktuelt for fylke(r): Innlandet, Møre og Romsdal