Statens vegvesen skal i samarbeid med Voss herad i gang med å lage detaljreguleringsplan for prosjektet E16 Åsbrekkegjelet–Skromle bru Utbetring for forsterka midt- og kantoppmerking og ber no om innspel til arbeidet.

Tiltaket medfører nødvendig langsgåande utviding av dagens veg over ca. 3 km. Det skal også vurderast skredsikring av skredpunkta Rinden sør og nord, og Bjørkeli sør og nord.

Arbeidet medfører også bla. kurveutbetring, utbetring av sideterreng og naudsynt omlegging av avkøyrsler. Målet med prosjektet er å betre trafikktryggleiken og framkoma på strekninga.

Planarbeidet skal elles ha særskild fokus på tilhøvet til verna vassdrag, flaum, skred og jordvernomsyn i tillegg til trafikktryggleik.

Statens vegvesen har i samråd med Voss herad vurdert at prosjektet utløyser krav om konsekvensutgreiing etter §10, bokstav b) innan fagtema kulturarv grunna at Kongevegen ligg parallelt med E16 innan planområdet.

Framdrift og frist for innspel

Synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar sendes skriftleg innan 26.05.2021 til :

  • anten på e-post: 
  • eller vanleg post: Statens vegvesen Pb.1010 Nordre Ål 2605 LILLEHAMMER.

Innspel til planarbeidet må merkast med plannamn E16 Åsbrekkegjelet–Skromle bru. Utbetring for forsterka midt- og kantoppmerking, eller saksnummer 20/140172.

Digital kontordag

Medverknadsprosess vil bli gjennomført innanfor gjeldande smittevernreglar for Covid-19. Det blir arrangert digital kontordag den 06.05.2021, frå klokka 9.00-15.00.

Det vil då bli mogeleg å få møte med plangruppa via telefon eller Teams. For bestilling av møtetid ta kontakt med planleggingsleiar Irene Dale innan 04.05.21 på telefon 91 88 70 96 eller på e-post:

Kontakt

Kontakt Irene Dale ved spørsmål om planarbeidet, telefon 91 88 70 96 eller e-post .

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3, 12-8 og 3-7.

Aktuelt for fylke(r): Vestland