Strekninga Voss-Arna er ein viktig del av aust-vest sambandet mellom Bergen og Oslo for veg og bane.

Ny E16 og Vossebanen mellom Arna og Stanghelle skal gi betre utforming, tryggleik, auka kapasitet, og meir føreseieleg reiseveg.

Ein felles transportkorridor, og delvis samanfallande utfordringar, gir grunnlag for tett samarbeid om forbetringar på strekninga. Arbeidet med strekninga er difor gjort til eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane NOR.

Arbeidet med konseptvalutgreiing (KVU) starta med eit forprosjekt i 2011. Dette danna grunnlaget for bestilling av KVU frå Samferdsledepartementet i desember 2011. I 2014 leverte Statens vegvesen og Bane NOR KVU-en for transportløysing på veg/bane. Denne peikar på klare behov for betre utforming, tryggleik og kapasitet. 

Kart E16 Voss-Arna
Strekninga Voss-Arna er ein viktig del av aust-vest sambandet mellom Bergen og Oslo for veg og bane.

Dagens utfordringar på veg og bane

Sidebratt terreng og høge skjeringar gir stor fare for skred og steinsprang. Endring i nedbørsmengder og intensitet gjer at desse problema aukar både for veg og bane. I april 2013 var E16 stengd samanhengande i 12 døgn som følge av steinskred. I tillegg er mange av dei 32 tunnelane gamle og forfallet er stort. Dette medfører mykje stenging knytt til vedlikehald. Slike stengingar gir lange omkøyringsruter og tidstap for næringsliv og brukarar.

Samtidig som trafikken på E16 er stor og veksande, har ein stor del av strekninga også låg standard. Vegen er ikkje møtefri, haner dimensjonert for låg fart, og ulukkesituasjonen er ikkje god. Hovudproblemet er særleg dei mange alvorlege møteulukkene.

Jernbanelinja er også prega av låg standard med ei utforming basert på den gamle Vossebanen. Dette medfører svært låg fart på deler av banestrekninga. Låg fart og lang reisetid er ei ulempe for både for persontransporten mellom Voss og Bergen og for heile Bergensbanen. Manglande kapasitet hindrar ønska vekst i godstransporten på bane.

Mål med planprosjektet E16 og Vossebanen Arna-Stanghelle

I behovsanalysen av strekninga står omsynet til trygg og effektiv transport sentralt. Dette vil også bygge opp under Voss-Arna som framtidig bu- og arbeidsregion i Bergensområdet. Samfunnsmålet med ny E16 og Vossebanen mellom Arne og Stanghelle er at transport på strekninga skal skje trygt og påliteleg med reduserte avstandskostnader som gir grunnlag for regional utvikling innan 2050.

For å oppnå samfunnmålet er det gitt tre effektmål prosjektet skal oppnå med ny veg og bane:

  • Trygg transport – fjerne skredfarlege strekningar og redusere risiko for andre ulukker
  • Redusert reisetid og auka kapasitet på veg og bane, samt reduserte konsekvensar ved stenging av veg eller bane
  • Legge til rette for ein effektiv planprosess og kostnadseffektiv utbygging

Andre viktige mål for prosjektet er å legge til rette for berekraftig lokal- og regional utvikling, bidra til at Vaksdal og Stanghelle kan utviklast til attraktive stasjonssentrum, god arkitektur og landskapstilpassing, unngå/ minimere fysiske og visuelle barrierar, og ha god økologisk tilstand i vassførekomstar både i sjø og ferskvatn.