I samsvar med plan- og bygningslova (pbl.) §12-8 kunngjer Statens vegvesen og Bane NOR oppstart av arbeid med endring av reguleringsplan.

I arbeidet med optimalisering av prosjektet ser FAS behov for å regulere om delar av områda som ligg i vedteken reguleringsplan. Areala som vert søkt regulert om ligg i kommunane Bergen, Vaksdal og Samnanger. Varslingsdokumenta kan og lesast på Bergen, Vaksdal og Samnanger kommune sine nettsider.

Frist for å sende inn merknader eller innspel var  21. august. 2023

Planarbeidet vil kunne råka grunneigarar sine interesser i varslingsområdet,
eventuelt som nabo til varslingsområdet. Vi ber grunneigarar underrette eventuelle
interessentar som til dømes leigetakarar om at det går føre seg arbeid med
omregulering. 

Kart

Kart over strekninga med markering av områda som skal omreguleres.
Kart over strekninga med markering av områda som skal omreguleres. Illustrasjon: Statens vegvesen

 

Klikk deg inn på områda og les meir 

Vurdering av krav om konsekvensutgreiing

I den vedtekne reguleringsplanen for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle, blei alle tiltaka konsekvensutgreidd. Det er gjort ei vurdering av om planarbeidet med endring av reguleringsplanen vil utløyse krav om konsekvensutgreiing etter plan- og bygningslova §4-2 og forskrift om konsekvensutgreiing. Jf. §8 a. i forskrift om konsekvensutgreiing skal reguleringsplaner for tiltak i vedlegg II konsekvensutgreiast dersom dei kan få vesentlege verknader etter § 10 i forskriften, men det er ikkje krav om planprogram.

Utfra vedlegg II pkt. 11 k) som omhandler deponier for masse på land og i sjø større enn 50 daa eller 50 000 m³, er det vurdert at sjødeponi i Naustvika i Bergen kommune, er av ein slik storleik som vil kreve konsekvensutgreiing dersom det kan få vesentlege verknader for miljø og samfunn. Det er vurdert at flytting av sjødeponiet ved Romslo ca. 1,3 km austover til Naustvika vil kunne få vesentlege verknader for miljø- og samfunn og utløyser dermed krav om konsekvensutgreiing, men at det ikkje er krav om planprogram.

Dei andre tiltaka i planarbeidet er vurdert å kome inn under Vedlegg II pkt. 10 e) i. Bygging av veier i forskrift om konsekvensutredning, men desse tiltaka i planen er vurdert til å ikkje medføre vesentlege verknader for miljø og samfunn etter §10. Planarbeidet vil dermed ikkje falle inn under krav om konsekvensutgreiing. Verknadene av tiltaka blir skildra i planomtalen.

Planprosess og medverknad

Kommunal- og distriktsdepartementet har avklart at sjølv om reguleringsplan for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle er ein statleg reguleringsplan, kan kommunane vera planmynde i lite konfliktfylte omreguleringssaker. Det er vurdert at kommunane kan være planmynde for endring av reguleringsplan for Fellesprosjektet Arna-Stanghelle.

Fellesprosjektet Arna-Stanghelle har i samråd med Bergen, Vaksdal og Samanger kommune valt å bruke §3.7 (tredje avsnitt) i plan og bygningslova (pbl.) som opnar for at Statens vegvesen / BaneNor sjølv kan varsle oppstart og leggje ut planen til offentleg ettersyn. Den politiske slutthandsaminga av planendringane vil vera lik som ved ein ordinær planprosess. Krav i plan- og bygningslova til medverknad, høyring osv. gjelder fullt ut.

endring av reguleringsplan