Fellesprosjektet startar berg- og skredsikring på Vaksdal, Helle og Stanghelle
I veke 20 startar berg- og skredsikringsarbeid på Vaksdal, Stanghelle og Helle. Arbeidet fører til kolonnekøyring på E16 på dagtid.
Arbeidet startar først på Helle. Det skal gå føre seg reinsking og sikring av fjellskjeringar samt montering av steinspranggjerde. Arbeida vert utført av Nordisk Fjellsikring AS.
Fjellsikringsarbeidet vil gå føre seg frå lift og i sele, og naboar må førebu seg på noko støy frå maskinar, helikopter og boring.
Arbeidstida dei første to vekene vil være måndag til torsdag frå klokka 07:00 til 19:00 og deretter frå måndag til laurdag frå klokka 07:00 til 19:30.
Kolonnekøyring med ledebil
I første omgang blir det ei kort strekning med kolonnekøyring med ledebil mellom Lågaskarstunnelen og Helle. På denne strekninga vil kun eitt køyrefelt vere ope. Trafikantar må rekne med kortvarig stans i trafikken på inntil 15 minutt i påvente av ledebil. Kolonnekøyringa gjeld i heile arbeidstida, sjå førre avsnitt.
Årsaka til at det vert kolonnekøyring er at områda det skal verte arbeidd i ligg tett på E16 og at det i periodar kan vere fare for nedfall i samband med sikringsarbeidet.
Arbeidet på Stanghelle og Helle er venta å vere ferdig i løpet av november. Arbeid som krev kolonnekøyring på E16 vert prioritert og er venta ferdig i slutten av august. Prosjektet kjem fortløpande til å informere om endringar i kolonnekøyring.
Arbeidet på Vaksdal vil etter planen starte opp i juni og gå føre seg fram til våren 2026. Områda som skal sikrast her vil ikkje påverke trafikken på E16, men naboar må rekne med noko støy frå maskinar, helikopter og boring.
Kontaktperson:
Kari Bremnes
Prosjektleder
Epost: kari.bremnes@vegvesen.no
Telefon: 952 53 159