Artikkelen er over to år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Katrine S. Erstad er ny prosjektsjef for storprosjektet frå 1. oktober 2021.

Katrine Erstad skal leie felleskprosjektet
SKAL LEIE MILLIARDPROSJEKTET: Katrine Erstad gler seg til å leie fellesprosjektet (Foto: Ingvild Eikeland, Bane NOR).

– Eg gler meg til å starte i Vegvesenet og få moglegheit til å jobbe med dei ingrediensane eg likar aller best; veg, bane og tunnel, seier Erstad.

Vegbygging er ikkje nytt for Erstad. Ho har tidlegare jobba åtte år i Statens vegvesen, blant annet med prosjektet E39  Rv 580 Hop-Sørås og E39 Vågsbotn-Hylkje. Dei siste sju åra har ho vore i Bane Nor, og kjem frå stillinga som prosjektsjef for utbygging av dobbeltspor mellom Arna og Fløen, som inkluderer ny Ulrikstunnel og Arna stasjon.

– Vi er svært nøgd med å få Katrine med på laget. Ho har erfaring frå både bane og veg noko som er ein eineståande kombinasjon. Dette er eg sikker på vil komme fellesprosjektet til gode, seier Kjartan Hove, som er prosjektdirektør for Utbyggingsområdet Vest.

Han fortel også at Gunnar Søderholm som er prosjektleiar i dag,  vil ta i land plandelen av prosjektet og bistå rundt førebuing mot byggestart. 

Ny fase for prosjektet

Prosjektet er på veg inn i ein ny fase og Erstad vil leie milliardprosjektet inn mot byggefasen og i byggefasen.

– Eg ser fram til å komme tilbake til Vegvesenet og få leie dette fellesprosjektet fordi det er viktig både for regionen men også for sikkerheita til alle som ferdes på vegen og bana. Jobben er utfordrande både organisatorisk og fagleg, og i tillegg er eg så heldig å få jobbe med alle dei dyktige folka i både Bane NOR og Vegvesenet, understrekar Erstad.

Ho er glad for at ho overtek eit prosjekt som er godt etablert.

– Det kjennast eigentleg veldig naturleg å få fortsette med denne strekninga, som  er ei forlenging av det arbeidet eg har utført i Bane NOR dei siste åra, avsluttar Erstad.

Aktuelt for fylke(r): Vestland