Statens vegvesen og Bane Nor inviterer private og offentlege aktørar til å melde interesse for inntil 10 mill. m3 overskotsstein.

Etatane ønskjer å gå i dialog med ein eller fleire aktørar i arbeidet med å finne mest mogleg samfunnsnyttig bruk av steinmassane. 

I første omgang vil det bli inngått intensjonsavtalar der partane er samde om å forhandle om ein endeleg avtale når plansituasjon og finansiering er avklara for begge partar. Eitt kvalifikasjonskrav i utlysinga er at interessent ynskjer å kjøpe/overta minimum 100.000 m3 tunnelstein. 

Prosjektet ligg inne i Nasjonal transportplan 2018-29 med oppstart etter 2024. Før godkjent plangrunnlag og fullfinansiering er på plass kan ein i dag likevel ikkje seie eksakt når anlegget vert gjennomført og massane er tilgjengelege. 

Kort om avhendinga

  • Det vert lagt opp til tradisjonell drivemetode for tunnelane, ikkje tunnelboremaskin. Massane vil då i hovudsak vere godt eigna som fyllmasse.
  • Uttak av stein frå anlegget vil mest truleg pågå over ein periode på rundt fire-fem år. 
  • Reguleringsplanen legg opp til at minimum 2/3 av overskotsmassane vert teke ut av tunnelane gjennom tverrslag til midlertidige flytande kaianlegg. 
  • Byggherre ynskjer å legge til rette for at større deler av overskotsmassane kan fraktast vidare på lekter/skip (sjøtransport) til eksterne mottakarar. 
  • Det vil og vere aktuelt at deler av masseoverskotet kan fraktast på offentleg vegnett til landdeponi og eksterne mottakarar.

Informasjon om masseavhendinga, døme på intensjonsavtale, og informasjon om fjellkvalitet finn du nederst på sida.

Illustrasjon: Tverrslag og midlertidig lekterkai Langhelleneset på strekninga Trengereid -Vaksdal
Tverrslag og midlertidig lekterkai ved Langhelleneset på strekninga Trengereid-Vaksdal (Illustrasjon: Statens Vegvesen)