Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Den 29. september blir det felles markering for E16 Varpe Bru - Smedalsosen og Kongevegen over Filefjell.

Då skal Filefjelltunnelen opnast for trafikk, og Kongevegen markerer tildelinga av EU-kommisjonen sin kulturminnepris «Europa Nostra Award». Markeringa vil starte i Lærdal på Kongevegen over Filefjell, med plakettavduking og talar under Vindhellavegen.

Så blir det fottur opp til Borgund stavkyrkje, og deretter transport med bil og buss opp til Filefjelltunnelen. Der opnar E16 Filefjell-prosjektet den nye tunnelen, med kulturinnslag, talar og snorklypping. Så blir det kortesje gjennom den 5,8 kilometer lange tunnelen, og dette markerer at den 20 kilometer lange strekninga Varpe Bru – Smedalsosen er offisielt opna.

Etterpå blir det ny transport ned til Vang, der feiringa vil halde fram med kulturelt program ut over ettermiddagen. Vegdirektøren og regionvegsjefane frå begge sider av fylkesgrensa vil vere inviterte til markeringa, saman med representantar frå kommunane, fylkeskommunane, Samferdselsdepartementet med fleire.

Aktuelt for fylke(r): Innlandet, Vestland