Artikkelen er fra 2020, og innholdet kan være utdatert.

I samarbeid med Vestnes kommune skal Statens vegvesen utarbeide ein detaljreguleringsplan for E39 Ørskogfjellet-Vik, og vi ber no om innspel til dette arbeidet.

E39 Ørskogfjellet-Vik inngår som ei delstrekning i planlegginga av ny E39 mellom Ålesund og Molde. Målet er å skape ein felles bu- og arbeidsmarknad, og redusere reisetida mellom dei to byane til under ein time.

Reguleringsplanarbeidet vart starta opp i februar 2020, men planprogrammet blei ikkje lagt ut på offentleg ettersyn medan ein venta på godkjent styringsmål for prosjektet.

Anbefaler trasé K2.B – tunnel direkte frå Ørskogfjellet til Vik

Gjennom 2020 har Vegvesenet gjennomført innleiande linjesøk og innhenta ny kunnskap om verdiane i området. Planprogrammet som no vert lagt fram er endra som følgje av ny kunnskap. Det er og utarbeidd ein eigen silingsrapport som vurderer alternative veglinjer for strekninga.

Formålet med ein silingsrapport er å avgrense talet på alternative veglinjer som skal utgreiast. Vegvesenet foreslår at berre eit av alternativa for ny trasé, K2.B - tunnel direkte frå Ørskogfjellet til Vik, blir lagt til grunn i det vidare arbeidet med utarbeiding av detaljreguleringsplan for E39 Ørskogfjellet-Vik.

Planprogrammet blir fastsett av Vestnes kommune

Vestnes kommune er planmynde i dette arbeidet. Statens vegvesen legg ut forslag til planprogram og silingsrapport til offentleg ettersyn og høyring, men det er politikarane i Vestnes kommune som skal fastsette planprogrammet og til slutt vedta planen.

Avgjerda om kva for trasé som skal leggast til grunn ved utarbeidinga av detaljreguleringsplanen vert bestemt gjennom politisk handsaming av planprogrammet.

Plandokument

Forslaget til planprogram og silingsrapporten blir no lagt ut på høyring og offentleg ettersyn i samsvar med Plan- og bygningslova §§ 12-8 og 3-7.

Planprogrammet er tilgjengeleg for nedlasting

Merknadar

Merknadar, innspel eller andre relevante opplysningar må sendast skriftleg innan 15. februar 2021 til:

  • eller per post til
  • Statens vegvesen, postboks 1010 Nordre Ål, 2605 Lillehammer

Merk sendinga med: Reguleringsplan E39 Ørskogfjellet-Vik.

Spørsmål om planarbeidet kan rettast til:

  • Prosjektleiar Harald Johnsen, tlf. 915 12 885, e-post
  • Planleggingsleiar Magnhild Rømyhr, tlf. 900 76 924, e-post:
  • Vestnes kommune v/ Jan Rune Jacobsen, tlf 951 04 369, e-post:
E39 Ørskogfjellet-Vik
Planområdet i Vestnes kommune. Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal