Artikkelen er fra 2012, og innholdet kan være utdatert.

På bakgrunn av innspel til planane om ny E39 mellom Ålgård og Hove har Statens vegvesen kome fram til at to nye trasealternativ i området ved Håland kan utgreiast vidare: eitt med lengre tunnel og eitt alternativ som er ein meir austleg variant av det anbefalte alternativet, B1.

I forslag til kommunedelplan og konsekvensutgreiing for E39 mellom Ålgård og Hove fremma Statens vegvesen tre alternative løysingar i området mellom Kongeparken og Figgjo. Av dei tre anbefalte Statens vegvesen alternativ B1.

Dei to nye alternative løysingane blir kalt for B15 (tunnelalternativet) og B9.

Alternativ B15
Her kjem tunnelen til å starte ved Hålandsfjellet og komme ut i nord ved Bråstein, dvs. ein ca. 2,6 km lang tunnel. Frå sør kjem E39 i tunnel frå Lima / Vaula til Klugeslåtten, slik som i anbefalt alternativ B1. Denne tunnelen har ei lengd på ca. 3,4 km. Kor tunnelen skal starte og kor store inngrepa blir må avklarast i det vidare arbeidet. På den ca. 0,6 km lange strekninga mellom dei to tunnelane kjem eit kryss.

Alternativ B9
Statens vegvesen føreslår også å utgreie alternativ B9. Dette alternativet blei i ein tidlegare silingsrapport definert saman med B1 og optimalisert som ei løysing. B9-alternativet kan ha fordelar med tanke på landbruk, nærmiljø og tal på bygningar som blir råka, men ulempar når det gjeld kulturminner og kulturmiljø.

Mykje gjenstår
Dei nye alternativa er vurdert på overordna nivå med bakgrunn i trafikksikkerheit og om det teknisk sett er muleg å gjennomføra dei. Det betyr at det er ei lang rekke tema som ennå ikkje er vurdert, og som må behandlast for å få alle alternativ opp til same beslutningsgrunnlag. Mellom anna må ein sjå på:
- Prissette konsekvensar: Kostnad og samfunnsmessig nytte
- Ikkje-prissette konsekvensar: landskap, kulturmiljø, naturmiljø, naturressursar, nærmiljø og friluftsliv
- Risiko og sårbarheit (ROS), herunder vurdering av kryss med stor trafikk i ein kort dagstrekning mellom 2 tunnelar

Statens vegvesen føreslår at det blir gjennomført ei tilleggsutgreiing for dei nye alternativa, og at denne blir sendt ut på høyring. Ei slik utgreiing kan vere ferdig tidleg i 2013.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland