Statens vegvesen signerte i dag kontrakt med Implenia Norge AS på bygginga av ny E39 i Jølster.

- Vi ser fram til å komme i gang, og håpar på eit godt samarbeid med Implenia frå start til slutt, seier Svein Reidar Dale, prosjektleiar i Statens vegvesen.

- Spennande og krevjande prosjekt

Prosjektet går no inn i ei samhandlingsfase, ein periode der begge partane i lag skal legge grunnlag for eit godt samarbeid, bygge tillit og få ei felles forståing for korleis arbeidet best skal utførast.

- Dette blir eit spannande og ganske krevjande prosjekt for oss, som vi gler oss til å ta fatt på, seier Stig Ingar Evje, administrerande direktør i Implenia Norge AS.

Han meiner firmaet er godt rusta til oppgåva.

- Hovudutfordringa blir å få til ei god trafikkavvikling, samtidig som vi skal jobbe langs vegen. Men vi har hatt fleire slike komplekse prosjekt før, der det er både tunnel, bru og vegbygging. Dette er felt vi har mykje kompetanse på, seier Evje, og legg til at dei vil knytte til seg lokale underentreprenørar der dei treng det.

Etter planen skal arbeidet starte i midten av mars, og tunneldriving for å skaffe stein til veglinja vil vere første prioritet.

Prosjektsjef i Statens vegvesen, Kjartan Hove, og adm.dir Stig Ingar Evje i Implenia Norge AS signerte i dag kontrakt for bygging av ny E39 mellom Bjørset-Skei. Bak f.v. prosjektleiar Svein Reidar Dale og ass.prosjektleiar Ole Martin Lilleby i Statens vegvesen, direktør region vest Arne Namdal og anleggsleiar Jørn Inge Grytten frå Implenia. Foto: Heidi Ravnestad
Aktuelt for fylke(r): Vestland