Det var stort sprik mellom tilboda som kom inn på bygging av ny E39 Bjørset-Skei. Implenia Norge AS hadde det lågaste tilbodet.

Fredag 6. januar vart det tilbodsopning på regionvegkontoret på Leikanger. Totalt kom det inn åtte tilbod, og det skilde om lag 120 millionar mellom det høgste og det lågaste tilbodet.

Implenia Norge AS var lågast med 319,3 millionar kroner. Nærast var Arbeidsfelleskapet Metrostav AS og Bertelsen & Garpestad AS med 372,6 millionar.

– Det har vore stor interesse kring dette prosjektet, det såg vi på tilbodssynfaringa i november. Vi er fornøgde med talet tilbod som kom inn og prisane, men er overraska over kor stort sprik det var mellom høgste og lågaste tilbod. Det lågaste tilbodet ligg også under forventa pris, seier prosjektleiar Svein Reidar Dale i Statens vegvesen.

No startar arbeidet med å kontrollrekne tilboda og sjekka at all dokumentasjon er lagt ved, før Vegvesenet tek ei endeleg avgjerd om kven som får oppdraget.

–  Etter framdriftsplanen vert kontrakten med entreprenøren signert i løpet av februar. Anleggsarbeidet vil truleg starte i mars, seier Dale.

Namn på tilbydar

Tilbodssum ekskl.   mva

Hæhre Entreprenør AS399.861.206,16
Drange Maskin AS434.268.265,-
Veidekke Entreprenør AS439.583.304,67
Vassbakk og Stol AS378.312.800,-
Arbeidsfelleskapet Metrostav AS og Bertelsen & Garpestad AS372.653.627,-
Implenia Norge AS319.320.575,36
Kruse Smith Entreprenør AS431.852.933,80
K.A.Aurstad AS389.920.300,55
Desse skal no kontrollrekne tilboda som har kome inn, f.v. byggeleiar Jan Bjarne Thorsnes, ass.prosjektleiar Ole Martin Lilleby og prosjektleiar Svein Reidar Dale. Foto: Heidi Ravnestad
Aktuelt for fylke(r): Vestland