Artikkelen er fra 2017, og innholdet kan være utdatert.

Grunna vanskar med lysreguleringa, blir det frå og med denne helga sett inn manuell overvaking av trafikken mellom Bjørset og Årdal på E39 i Jølster.

I samband med vegarbeidet på E39 mellom Bjørset og Skei, har det fleire gonger den siste tida bygd seg opp køar på denne vegstrekninga, spesielt i helgane. Vanskane skuldast at den sensorstyrte lysreguleringa på staden ikkje har fungert som ho skal. Frå og med denne helga blir det sett inn manuell overvaking av alle dei fire lyssignala mellom Bjørset og Årdal, for å unngå at vanskar med trafikkavviklinga. Fredag og søndag vil overvakinga vara frå kl. 14:00 til midnatt, laurdag frå kl. 10:00 til 20:00. Dette systemet vil gjelda alle helger framover mot jul, so lenge det er lysregulering.

Trafikkklys

Det mest vanlege årsaka til at lysreguleringssystem av denne typen går i stå, er at bilistar ikkje respekterer trafikksignala. Ved lyspunkta står det sensorar som registrer rørsle. Når siste bil har passert, og det ikkje lenger er rørsle framfor sensoren, skiftar systemet til raudt lys. Dersom det kjem til fleire bilar etter at lyset har skifta, og desse bilane køyrer på raudt, vil sensorane kunna bli sette ut at av spel. Med mykje trafikk på vegen, som i helgane, dannar det seg raskt kø.

Det er svært viktig at alle trafikantar respekterer lysreguleringa og ikkje køyrer på raudt lys. Sjølv når lyset akkurat har skifta, og ein kan leggja seg tilnærma rett bak den siste bilen som passerte på grønt, kan det å køyra forbi det raude lyset i verste fall setja heile systemet ut av drift. Dette vil skapa store vanskar for trafikken som kjem etter. 

Statens vegvesen oppmodar alle om å visa omsyn i trafikken, og respektera trafikklysa!

Aktuelt for fylke(r): Vestland