Artikkelen er fra 2013, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har i dag signert kontrakt med Mesta AS på betongarbeidet på nye E39 ved Sande. Kontrakten inneheld mellom anna ei bru over elva Gaula.

Betongarbeidet er ein del av prosjektet E39 Lavik-Skei, på parsellen Birkeland-Sande nord i Gaular kommune.

Ingen stengingar

Kontrakten inneheld også ein undergang for fv.610, og ei rundkøyring på same fylkesveg for å sikre tilkomst til E39.
Kontrakten som vart signert i dag har ein verdi på 71 millionar kroner.

- Arbeidet skal starte 4.november i år, og kontrakten skal vere avslutta innan 30.september 2014, fortel Svein Reidar Dale, prosjektleiar i Statens vegvesen.

Den største oppgåva i betongkontrakten er brua over lakseelva Gaula.

- Med omsyn til laksen er vinter og vår rette årstida å bygge, fordi laksen no har vore oppe i elva og gytt. Arbeidet skal også skje i elvekanten, og ikkje i sjølve elva, understrekar Dale.

Her kjem den nye brua over Gaula

Ved bygging på fv.610, må ein legge om vegen. Det vil ikkje bli stengingar, og trafikken skal ikkje bli hindra i særleg grad.

Storkontrakt lyst ut i desember

Resten av vegarbeidet på Sande-Birkeland nord skal utførast i ei storkontrakt saman med parsellen Dregebø-Grytås, som ligg litt lengre sør. Denne kontrakten vil innehalde 9 kilometer veg og ein kilometer tunnel. Dette arbeidet skal lysast ut i første halvdel av desember, med oppstart i mars 2014.

- Fordelen med å gjere ferdig betongarbeidet ved Sande er at ein på delar av neste enterprise kan nytte seg av den nye brua, og slepp så mykje anleggstrafikk gjennom Sande sentrum, fortel Dale.

Parsellane E39 Birkeland-Sande nord og Dregebø –Grytås skal stå ferdig i 2016.

Frå Mesta skal desse to følgje opp betongarbeidet ved Sande, prosjektsjef Arne Nes(t.v) og distriktssjef  i Fjordane, Dagfinn Brotnow(til høgre). I midten står prosjektleiar for E39 Lavik-Skei, Svein Reidar Dale.

Aktuelt for fylke(r): Vestland