Artikkelen er fra 2012, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen har i samarbeid med Høyanger kommune utarbeidd forslag til planprogram for kommunedelplan med konsekvensutgreiing for E39 frå Bogstunnelen til Gaular grense.

Planprogrammet omtalar alternativ og standard som skal leggast til grunn for planarbeidet og kva for tema som skal konsekvensutgreiast.

Formannskapet vedtok i møte 25.04.12 oppstart av planarbeidet og at planprogrammet skal leggast ut til offentleg ettersyn.

I høyringsperioden vert det halde informasjonsmøte i Vadheim 7. mai.

Merknader skal sendast til Høyanger kommune v/rådmannen, postboks 159, 6991 Høyanger eller som e-post til  Merknadsfristen er 15. juni 2012

Spørsmål om planprogrammet kan rettast til
Høyanger kommune: Jostein Nyland, tlf. 57 71 15 31,
Statens vegvesen: Hans Erik Buene, tlf. 57 65 58 15,

Aktuelt for fylke(r): Vestland