Artikkelen er fra 2015, og innholdet kan være utdatert.

Planane for E39 i tunnel forbi Vadheim vart godt motteke av innbyggjarane i bygda.

Om lag 50 personar fann vegen til folkemøtet om E39 Bogstunnelen – Gaular grense på Vadheim fjordhotell måndag 11. mai. Det var Høyanger kommune som inviterte, og saman med Statens vegvesen la fram kommunedelplan for vegprosjektet.

Godt motteke

Kommunen og vegvesenet er samstemte i si tilråding av kva trase som er den beste for ny E39 forbi Vadheim. Det tilrådde alternativet er ein 4,2 km lang tunell frå Bogen til Ytredalen, med av- og påkøyring med «rampetunnel» i Bogen og kryss i Ytredalen for trafikken frå Vadheim som skal høvesvis sørover eller nordover på E39. Dei frammøtte hadde høve til å komme med spørsmål og kommentarar, og innspela tyda på at folk var nøgde. Det viktigaste er at det skjer noko, var gjennomgangstonen frå dei som tok ordet. Ingen ytra seg mot framlegget.

Vil med i neste NTP

Informasjonen frå Statens vegvesen var det Planleggingsleiar Ellen Njøs Slinde som stod for, og ho var godt nøgd med både frammøtet og gjennomføringa.

-Vi har eit godt samarbeid med Høyanger kommune, og det er fint å kunne presentere eit prosjekt vi står så samla om.

Ordførar i Høyanger, Petter Sortland, ynskte velkomen og rådmann Arve Varden leia møtet. I tillegg la sjef for plan- og byggjesaker Jostein Nyland fram korleis leiinga i Høyanger kommune såg føre seg framdrifta i høve til reguleringsplan, slik at ein kan jobbe for å få vegprosjektet inn i Nasjonal Transportplan i neste periode.

Kake frå NAF

Norges Automobilforbund, avd  Fjordane og Ytre Sogn, var hjarteleg tilstades på smakfullt vis! Dei stilte med marsipankake med eigen logo og sjokoladar for å markere positiv haldning til planane for utbetringa av E39.

Aktuelt for fylke(r): Vestland