Fredag 11. januar var ein merkedag på prosjektet. Då vart den nye køyrebrua ved Helgheim kyrkje støypt - den siste av i alt fem bruer på prosjektet.

Før var det ei bru på E39 ved Helgheim, no er det to nye bruer. Gang- og sykkelbrua stod ferdig våren 2018, og har vore omkøyringsveg medan den nye køyrebrua var under bygging. Når den nye køyrebrua no står klar er vi dermed eit stort steg nærare å fjerne einvegskøyring og trafikklys på denne strekninga. Etter at betongen er herda og noko etterarbeid på brua kan den opnast for trafikk om eit par månader.

Tretten timar kontinuerleg arbeid

Støypearbeidet gjekk kontinuerleg frå klokka 06:00 til 19:00, det er viktig at arbeidsprosessane flyt godt for å unngå støypeskøyter og sikre kvaliteten. Brua er 25*10 meter, og det gjekk med om lag 250 kubikkmeter betong i dette arbeidet.
I alt 12 mann pluss to reservar var med på støypearbeidet. I tillegg var det ein mann som bemanna pumpebilen, og 4-5 sjåførar.

Aktuelt for fylke(r): Vestland