Artikkelen er fra 2016, og innholdet kan være utdatert.

Den eksterne kvalitetssikringa av prosjektet E39 Bjørset-Skei vil ikkje bli klar før Stortinget tek sommarferie. Dermed kan prosjektet først lysast ut på seinhausten 2016.

Alle prosjekt over 750 millionar skal gjennom ei ekstern kvalitetssikring (KS2), gjennomført av Samferdsels- og Finansdepartementet. Prosjektet skal deretter leggast fram for Stortinget for ei endeleg investeringsavgjerd. 

Arbeidet med kvalitetssikringa av E39 Bjørset-Skei starta i mars, og vert utført av selskapet DNV GL Group AS. Dei skal levere sin rapport i slutten av juni, etter at Stortinget har teke sommarferie. Saka kjem dermed ikkje opp i Stortinget før i haustsesjonen i oktober.

- Vi planlegg anbodsutlysing i månadsskiftet oktober/november i 2016, og oppstart i februar 2017. Det medfører at sluttdato for entreprisen vert juni 2019, cirka sju månadar etter planlagt sluttdato som var 15. oktober 2018, fortel prosjektleiar Svein Reidar Dale.

Prosjektleiar Svein Reidar Dale
Aktuelt for fylke(r): Vestland