E39 Hovden–Osborg–Ose
Hovudmålet med prosjektet er å få formelt plangrunnlag for å etablere gang- og sykkelveg på nordsida av E39.
Osborgområdet/Rysteflata har store bustadfelt på øvre side av E39, og stort potensiale for bruk av buss, dersom forholda blir lagt til rette for det. Det er i dag svært dårleg gangvegsamband mellom dagens busslommer og bustadområda. Kryssing av E39 til/frå busslomma på nedsida av vegen er eit stort tryggleiksproblem, då E39 har stor trafikkmengde og høg fart.
Hovden–Osberg
Statens vegvesen varsla i juni 2015 oppstart av reguleringsplanarbeidet for strekninga Osskarelva–Osborg på E39. På bakgrunn av innspel og vidare planarbeid ynskjer vi no å utvide dette planområdet til å gjelde strekninga Hovden–Osberg.
Osborg–Ose
Reguleringsplanen for E39 Hovden–Osborg blir ei forlenging av reguleringsplanen for strekninga E39 Osborg–Ose (PDF, 7 MB) som vart godkjent av kommunen i 2014. I planen for Osborg–Ose er det mellom anna regulert ein gang- og sykkelveg på nordsida av E39, og planen for E39 Hovden–Osborg vil legge til rette for vidareføring av denne heilt fram til flyplasskrysset (Hovden).
- Vei:
- E39
- Fase:
- Planfase
- Kommuner:
- Ørsta
- Fylker:
- Møre og Romsdal