Har du bruk for mykje stein i området rundt Førde, er det berre å ta kontakt med Statens vegvesen.

Stein
Det mykje stein til overs når tunnelen mellom Storehaug og Bruland skal byggast.

Når  E39 Storehaugen - Førde blir bygd i perioden 2024 – 2029 vil me få eit stort overskot av stein frå tunnelbygginga. Difor ynskjer me å komma i kontakt med interessentar for mottak av stein som me har til overs.

Sprenginga er venta å starte ved årsskifte 2024/25 og vil halde på i tre år. I denne perioden vil Statens vegvesen ha overskot av steinmassar frå tunnelen. Tunneldriving vil bli utført frå to stuffar, frå Skilbreid i sørvest og frå Bruland i nordaust. Det er behov for å kunne avhende massar på begge sider av tunnelen.

Statens vegvesen vil gå i dialog og inngå avtalar med ein eller fleire aktørar som kan ta imot minimum 100 000 m3. Statens vegvesen bestemmer mengde og leveringstidspunkt ut frå prosjektet sin trong for avhending av overskotsmasse. Økonomi vil også bli vektlagt for val av aktørar for mottak

For meir informasjon kontakt Svein Reidar Dale på mobil 93015590 eller e-post .

Aktuelt for fylke(r): Vestland