Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen skal i samarbeid med Ørsta kommune utarbeide ein detaljreguleringsplan for E39 på Liadal, og ber om innspel til arbeidet.

Mål for planarbeidet er å skaffe formelt grunnlag til utbetring av E39 på strekninga. Store delar av vegstrekninga ligg i sidebratt terreng og vegen er svært smal. Det er dårlege siktforhold, og det er heller ikkje løysing for mjuke trafikantar på strekninga.

Innspel

Vi ber om at innspel til planarbeidet eller andre relevante opplysningar til planprosessen vert sendt skriftleg innan 10.02.2018 til: 

  • firmapost-midt@vegvesen.no eller
  • per brev til Statens vegvesen Region midt, postboks 2525, 6404 Molde 

Kontakt

Ev. spørsmål kan rettast til planprosjektleiar Astrid Eide Stavseng, tlf. 22 07 30 00 eller e-post til astrid.stavseng@vegvesen.no.

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 3-7.

Oversiktskart E39 Liadal
Plangrense Foto: Statens vegvesen
Aktuelt for fylke(r): Møre og Romsdal