Artikkelen er over ett år gammel, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen skal i samarbeid med Gulen kommune i gang med å lage detaljplan for det nemnde prosjektet. Vi ber med dette om innspel til arbeidet.

Skildring av prosjektet

Føremålet med prosjektet er å legge til rette for framtidig behov for auka frekvens og kapasitet på ferjesambandet E39 Lavik–Oppedal. Frå 2025 vert det ny ferjekontrakt på sambandet. I den nye kontrakten vert det planlagt for krav om at alle ferjene skal vere heilelektriske. I tillegg vert det lagt opp til fire ferjer på sambandet, mot tre som det er i dag.

Liggekaien som det no skal planleggast for skal nyttast for nattligge for ferje som ikkje er i rute. Tiltaket vil medføre etablering av kai-konstruksjon i tilknytning til Oppedal kai.

Oppstartsmeldinga er også tilgjengeleg på nettsida til Gulen kommune under «høyringar og kunngjeringar» 

Det er vurdert til at reguleringsplanarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing i høve «Forskrift om konsekvensutredninger».

Planområdet

Planområdet omfattar heile eksisterande plan «Ferjekai Oppedal Ytre», planid 4635_2010011. Utover eksisterande plan er plangrensa utvida i området der ein planlegg for etablering av den nye liggekaien.

Planområdet E39 Oppedal ferjekai.
Planområdet E39 Oppedal ferjekai, etablering av liggekai. Illustrasjon: Statens vegvesen

Eigedom 118/32 og 118/36 vil bli direkte påverka av tiltaket ved landankring og tilkomst til liggekai, områda er i dag avsett som næring/tenesteyting. Servicebygg blir ståande som i dag.

Framdrift og frist for innspel

Vi ber om at de sender synspunkt, innspel eller relevante opplysningar til oss skriftleg innan 14.08.2022 til:

  • Statens vegvesen, Pb. 1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER
  • eller

Merknader merkast med «E39 Oppedal ferjekai. Etablering av liggekai 22/101211»

Kontakt

Har du spørsmål kan du ta kontakt med:

  • Prosjektleiar Oddvin Hov, tlf 95 25 31 41 eller e-post
  • Planleggingsleiar Runa Aaland Eggum, tlf 95 75 61 06 eller e-post

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med Plan- og bygningslova § 12-8. Planen vert utarbeidd etter §§ 12-3, 12-8 og 3-7.

Aktuelt for fylke(r): Vestland