I samsvar med §3-7 og §12-8 i plan- og bygningslova blir det varsla oppstart av reguleringsplanarbeid for E39 på strekninga langs Skredestranda.

Føremålet med planen er å sikre E39 langs Skredestranda for ras, det er 8 punkt som skal sikrast. Tiltak som rasvollar der skred blir fanga bak vollen og ført under E39 i kulvert er aktuelle på dei fleste punkta. Etablering av bru der skredet blir ført under brua er også aktuell løysing.

Hornindalsvassdraget er eit verna vassdrag i verneplan I. Flaumløpa er del av nedslagsfeltet til vassdraget og tiltaka kjem nær Hornindalsvatnet. I samråd med Stad kommune har Statens vegvesen vurdert at prosjektet utløyser krav om konsekvensutgreiing i samsvar med Forskrift om konsekvensutgreiingar, §8, bokstav a) og §10, innan fagtema naturmangfald og landskap.

Avgrensing av planområdet er vist på vedlagt kart og reguleringsplanen vil bli utarbeida innanfor dette området. Planforslaget blir sendt på høyring til alle berørte partar.

Illustrasjonskart planomrade E39 Skredestranda.
Illustrasjonskart planomrade E39 Skredestranda. Foto: Statens vegvesen

Frist for merknad og innspel

Eventuelle merknader til planarbeidet skal sendast innan 05.04.2022, skriftleg til:

  • Statens vegvesen, Pb. 1010 Nordre Ål, 2605 LILLEHAMMER,
  • eller på e-post til:

Kontakt

Spørsmål i samband med reguleringsplanarbeidet kan rettast til Gun-Mari Ødegård på tlf. 97 73 88 44 eller på e-post: