Artikkelen er fra 2010, og innholdet kan være utdatert.

Torsdag 26. august blei det arrangert informasjonsmøte i samband med varsel om oppstart av kommuneplanarbeid og høyring av planprogram. Alle berørte grunneigarar var invitert. Ca. 65 personar kom på møtet.

Hensikta med møtet var å informere om innhaldet i planprogrammet og om planprosessen.

Prosjektleiar for planleggingsfasen, Frode Aarland orienterte om planarbeidet og innhaldet i forslag til planprogram (sjå presentasjon i høgre marg). Han fortalde også at hensikta med informasjonsmøtet i tillegg var å invitere til dialog med innbyggjarar i området og få innspel til plan og prosess. Aarland presiserte at avgrensing av tunnelar vist på kart berre er meint som illustrasjon på muleg løysing og ikkje som konkret avgrensing av føreslåtte tiltak.

Henriette Nesset orienterte om grunnervervprosesssar. Både ho og Aarland inviterte til å ta direkte kontakt ved behov.

Det skal arrangerast fleire informasjonsmøte i løpet av planperioden, først i samband med offentleg ettersyn av kommunedelplanen. Det skal også arrangerast kontordagar der prosjektleiar sett av heile dagar slik at publikum kan ta kontakt. Tidspunkt for dette blir annonsert.

Aktuelt for fylke(r): Rogaland