22. september blir det informasjonsmøte for grunneigarar og næringsdrivande i Kolskogen i Bjørnafjorden kommune.

Samferdselsdepartementet har gitt Statens vegvesen i oppdrag å utarbeide statleg reguleringsplan for ny E39 Stord – Os. I samband med arbeidet ynskjer Vegvesenet og kommunen god dialog med grunneigarar og næringsdrivande i Kolskogen. Vi inviterer til informasjonsmøte onsdag 22. september.

Statens vegvesen vil informere om status i prosjektet og vise foreløpige skisser av nytt kryss i Kolskogen. Kommunen ynskjer dialog om utvikling av Kolskogen næringsområde.

Om møtet

Dato: 22. september
Tidspunkt: kl. 14.00-16.00
Stad: Møte blir halde på Oseana kunst- og kultursenter i Os, Oseanasalen.

Påmelding: Vi ber om påmelding av omsyn til smittevern innan 20. september til .