Statens vegvesen har utarbeida forslag til planprogram for reguleringsarbeidet. Forslaget er på høyring fram til 30. oktober.

Statens vegvesen viser til varslingsbrev frå september 2020, om planoppstart for statleg reguleringsplan for E39 Stord – Os i kommunane Stord, Tysnes og Bjørnafjorden.

Planprogrammet gjer greie for dei problemstillingar reguleringsplanen skal omfatte. Den omtaler mellom anna at det vil bli gjennomført ei konsekvensutgreiing (KU) for ein del av strekninga der føremålet er å sikre at viktige miljø- og landskapsomsyn blir vurderte.

I planprogrammet er det også med ei oversikt over kva tema som skal vere med i planomtalen til reguleringsplanen for E39 Stord – Os. Framdrift og medverknad i planprosessen er omtala.

Foreslår nokre endringar

For å redusere kostnader, og for å få mindre inngrep i område med miljøverdi, føreslår Vegvesenet nokre stader å gå utanfor korridoren som er bandlagt i vedtatt kommunedelplan. Desse endringane utløyser krav om konsekvensutgreiing for dei områda som ikkje er utgreia tidlegare. Området for ny konsekvensutgreiing ligg mellom Hodnanes ved Langenuen og Beltestad ved Søreidvika (Sjå kart under).

Kart over varslingsområde

  • Kart over varslingsområde finner du i interaktivt kart (ArcGIS) 
  • Det er teke med areal i sjøen for samansetting av bru over Bjørnafjorden.
  • Varslingsområdet er det same som i tidlegare varsel om oppstart av reguleringsarbeidet. Planområdet vil bli snevra vesentleg inn i reguleringsplanen.
  • Planområdet går frå Ådland på Stord via bru over Langenuen (i området Jektevik-Hodnanes) og vidare nordover på Tysnes, til bru over Bjørnafjorden og blir kopla til ny E39 ved Kolskogen i Bjørnafjorden kommune.

Informasjonsmøte 20. september

I samband med høyringa blir det arrangert eit digitalt informasjonsmøte på Teams Live Event. Under møtet blir det høve til å stille spørsmål  skriftleg i «chat».

Dato: 20.09.21
Tid: 19.00 - 20.30
Lenke til møtet finn du her

Møtet blir annonsert i aviser, Statens vegvesen vest si Facebookside  og her på prosjektsida, inkludert informasjon om lenke til møtet.

Framdrift og frist for innspel

Vi ber om at synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar knytt til planprogrammet blir sendt  innan 30. oktober

Send innspelet til oss skriftleg på e-post:
eller med vanleg post til: Statens vegvesen, Postboks 1010 Nordre Ål,
2605 Lillehammer

Merk brevet eller e-posten med «E39 Stord – Os».

Innspel og merknader som vart sende inn i samband med varsling om oppstart reguleringsplan hausten 2020, treng ikkje sendast på nytt. Dei er registrerte og blir tekne med i den vidare planprosessen.

Aktuelt regelverk

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7.

Planarbeidet er i statleg regi. Kommunal- og Moderniseringsdepartementet (KMD) er planmynde og skal godkjenne reguleringsplanen. Kommunane er høyringsinstansar.
Kva er statleg plan (Regjeringa)

Varslingsområde for reguleringsplan
Varslingsområde for reguleringsplan. Område som skal konsekvensutgreiast er vist med brun farge

Kontakt

Bruk gjerne prosjektet si felles e-postadresse

Har du spørsmål om planarbeidet kan du kontakte:

Ellen Slinde, tlf. 992 03 238 (Tysnes)
Helen Gjærde, tlf. 918 01 871 (Bjørnafjorden kommune)
Jonas Dalland tlf. 476 23 272 (Stord)
Sverre Ottesen tlf. 976 19 460 (Prosjektleiar)

Sjå pressemelding: Høyring av planprogram 14.09.21

Gå videre

Planar og dokument